hattar

Hattesalongen tilbyr hattar til alle årstider.

Sommarhattar i strå eller stoff ....  eller i ein kombinasjon av desse. Vinterhattar i ulike hattefilt-kvalitetar. Hattane blir laga i materialer av høg kvalitet ved hjelp av verktøy og utstyr spesiallaga for formålet.

Du kan anten kjøpa ein av dei ferdiglaga hattane eller du kan få laga ein hatt spesielt til deg. Vil du kjøpa ein av hattane du ser her er det berre å senda ein e-post eller ei melding på kontaktskjemaet her på nettsida, og hatten blir sendt deg i posten, vedlagt faktura og giro for betaling. Det er viktig at du får med farge og nummer på hatten du ønsker.  Hugs òg hovudstorleiken. Mange av hattane kan tilpassast din storleik, viss ikkje, kan ein hatt i rett storleik lagast. Hattane kan lagast i andre fargar.

Du er òg velkomen innom hattesalongen i Ekro 11B på Stord. Her kan du sjå, prøva og evt. kjøpa hatten.

Finn du ikkje draumehatten her, ta kontakt og modisten stiller sin kreativitet til rådvelde. 

Filthatter

hatt i 60-tals stil

sixpence i filt

assymetrisk hatt med perledekor

bowler-hatt med perledekor

skyggelue i filt

filthatt med glidelåsdekor

filthatt i djup 20-tals fasong

20-tals hatt

rund pille-eske-hatt med perledekor

dame og/eller herrehatt i klassisk fasong A044 – kr 2.100

Stråhattar

stor stråhatt/hodepynt på hårbøyle

lin-pull i kombinasjon med brem i panamastrå

breibremma stråhatt i sinamay-strå

sommarhatt med litt smalare brem

sommarhatt i strå og lin

Stoffhattar

to-sidig sommarhatt i lin

dobbel stoffhatt i bomull, med eplemotiv

sommarhatt i bomull på eine sida, lin på andre...

sommarhatt i lin

meir om

hattesalongen

og modisten

følg hattesalongen på Facebook

her finn du

kontaktinformasjon

kontaktskjema

kart til hattesalongen