om

 

 

Åshild Oma Sele

modist med svennebrev

 

Åshild tok svennebrev i modistfaget i juni 2008 og har etter det hatt hattesaum som sin store lidenskap og heiltidsjobb. Læretid hadde ho hjå hattedesigner Mona Strand i hennar hattebutikk på St.Hanshaugen i Oslo.

I løpet av læretida fekk Åshild sjansen til å delta på fleire hattekurs i England, kurs i saum av pelshattar i Danmark i tillegg til kurs og utplassering hjå modist og kostymesyer Ellen Wang Thommesen og designer Wenche Lyche. Dette la grunnlag for allsidig kunnskap om hattar og ei brei opplæring i handsaum av hattar i filt og strå, saum av luer i silke, lin, ull og bomull og i å designe ulike hovudplagg til kvardag og fest.

Åshild har altså utdanning i å lage damehattar i alle fasongar, men ein og annan herrehatt har det jo også blitt etterkvart.

Allereie under utdanninga starta Åshild verksemda Hattesalongen, for å kunna nå ut til folket med hattane sine. Opp gjennom åra har det blitt ulike spanande oppdrag for hattesalongen; saum av trekk til sykkelhjelmar i samarbeid med Trygg Trafikk, med påfølgande innslag i "Norge Rundt" og utlån av sykkelhjelmar med trekk til dei britiske mote-guruane Trinny & Susannah. Jubileumsutstilling med Norske modister og hattedesignere i Oslo Rådhus. Utstilling i regi av Bø kunstforening, der ein av hattane vart innkjøpt av Bø kommune. Deltaking på Rennebumartnan, Noregs største og beste messe for sal og presentasjon av husflid og handverk.

Men like viktig for Åshild, og for hattesalongen, er alle enkeltkundane. Alle med ulike ønsker, ulik hovudfasong og -storleik og ofte med ein tanke om kva ein likar og kva ein slett ikkje likar.

Modisten ønsker alle velkomne til ein hatteprat!!!

Ring gjerne 478 79 440 for å gjera ein avtale på førehand. Då er du sikra at modisten er på plass når du kjem innom.

 

meir om

hattesalongen

og modisten

følg hattesalongen på Facebook

her finn du

kontaktinformasjon

kontaktskjema

kart til hattesalongen